FOR MEDIA
Wärtsilä i Norge

Wärtsilä utvikler maritim karbonfangst og -lagring som en del av LINCCS-konsortiet

  • Pressemelding
08 september 2021 at 02:00 W. Europe Standard Time

Wärtsilä vil ha ein sentral rolle i utviklinga av maritim karbonfangst- og lagringsteknologiar (CCS), som ein av dei leiande partnarane i det Aker Solutions leia LINCCS-konsortiet (Linking carbon capture and storage).

LINCCS -prosjektet fokuserer på å redusera kostnadane for nye karbonlagringsanlegg med 70 prosent og å fremja utviklinga av karbonfangstteknologier i ei rekkje sektorer. Denne veka blei det kunngjort at LINCCS-konsortiet over tre år vil motta 111 millioner kroner i finansieringsstøtte frå regjeringa si Grønn Plattform-ordning.

Karbonfangstteknologi kan vera ein monaleg mulighet for dekarbonisering av maritim industri, og ein av de viktigste arbeidsstraumane i LINCCS-prosjektet er difor å utvekla ein maritim CCS-løsning. Wärtsilä vil leia denne arbeidsstrømmen med støtte frå Sustainable Energy Catapult Center og SINTEF Energy. Gruppa vil slutta seg til breidare, tverrindustrielle CCS-utviklingsprosjekt frå prosjektpartnarar Aker Solutions, Cognite, Aize, AGR, OpenGoSim, Wintershall Dea, Vår Energi, Lundin, Equinor og TotalEnergies.

For å støtte utveklinga av CCS-teknologi, vil Wärtsilä Exhaust Treatment utvida sitt tekniske testanlegg i Moss til også å kunne utvikla, testa og verifisera CCS-løysningane. Dette vil bringja teknologien til eit modenhetsnivå der den kan prøvast ut i full skala på eit fartøy.

Prosjektet vil bli støtta med kompletterande kunnskap frå hele Wärtsilä-gruppa. Med mange års arbeid innen både eksosrenseteknologi og håndteringssystemer for kryogene gasser, er organisasjonen godt posisjonert for å støtta heile infrastrukturkjeda for karbonfangst og -lagring, frå eksos til endelig karbonbinding.

– Overgangen mot nullutslipp vil kreva at me er pionerar innan ei rekkje forskjellige teknologiske løysinger i kombinasjon, og at me utviklar denne teknologien i nært samarbeid med viktige partnarar. Me er audmjuke og glade for å jobba med ei sterk gruppe selskap, som alle har marknadsleiande kompetanse, for å fremje CCS som ei løsning som kan gjera mogleg ei lavkarbonfremtid, seier Tamara de Gruyter, president for Marine Systems i Wärtsilä.

– Wärtsilä er forplikta til å være ein leiar i reduksjon av klimagassutslepp dei kommande tiåra. Med LINCCS-prosjektet vil me visa korleis karbonfangst, i kombinasjon med andre teknologiske nyvinningar, kan vera eit måte å redusera utslepp både på kort og mellomlang sikt, legg ho til.

Bildetekst: Wärtsilä utvikler maritim karbonfangst og -lagring som ein del av LINCCS -konsortiet. © Wärtsilä

© 2021 Wärtsilä